Fotocredit: Alver MDG

Lokalprogram, 2023 til 2027

På denne sida finn du lokalprogrammet til Alver MDG for 2023 til 2027!

 

Du kan lese heile programmet vårt her!

For ei berekraftig og medmenneskeleg framtid!

Vi i Miljøpartiet Dei Grøne i Alver går til val på eit program som har eit sterkt fokus på berekraft, natur, utdanning og samfunnshelse. Vi ønskjer å setje barn og unge i sentrum ved å auke ressursane til skular og barnehagar, fremje fysisk aktivitet og kreativitet, og byggje ny ungdomsskule på Frekhaug snarast.

Vi vil arbeide for ein sunn livskvalitet basert på berekraftige prinsipp, og prioritere naturopplevingar og kultur i helse- og omsorgstenesta. Vi legg vekt på tryggleik og likeverd, og vil styrke tilrettelagte arbeidsplassar for dei med særskilte behov.

Vi vil også styrke økonomien som eit verkemiddel for berekraftig utvikling, og påverke til naturpositiv omstilling i næringslivet. Vår satsing på landbruk og havbruk skal føre til trygg matproduksjon på ein berekraftig og etisk måte, med fokus på dyrevelferd.

Vi trur på eit samfunn i økologisk balanse, der vi verdset livskvalitet høgare enn forbruk. Vi vil arbeide for større statlege overføringar og satsing på økologisk, fairtrade og lokalprodusert mat. Vi ønskjer å styrke nærdemokratiet, legge til rette for kultur- og idrettsliv, og fremje grøn samfunnsutvikling basert på økologiske prinsipp.

For oss i Miljøpartiet Dei Grøne i Alver er målet eit medmenneskeleg samfunn der vi saman skapar ein framtidsretta og berekraftig kommune, for alle, for alltid!

Husk å røyste MDG i år!